

MOSHUSET



Formidling/
prosjektleiing
Moshuset er ein gamal husmannsplass øvst i det gamle kulturlandskapet Nordherad i Vågå. Her kan ein oppleva over 70 raudlista arter av lav, sopp, planter og dyr og sjå korleis biologi knytes saman med lokal historie, beiting og tradisjonell bruk av utmarka. På låven kan ein få oppleve det beste frå kulturlandskapet gjennom formidling, foto og film.Ta kontakt om du ynskjer å lære meir og for å booke omvisningar til grupper og klasser.
Kunder og samarbeidspartnare:
Universitetet i Oslo, Miljødirektoratet, Norsk Kulturarv, Europa Nostra, grunnskule og vidaregåande i nord-Gudbrandsdal, Samarbeidsforumet for Ullinsvin


«Takk for framifrå formidling i Griningsdalen, med særskilt søkelys på fjellplantar og den avgjerande effekten beiting har for floramangfaldet»
- Mathias Øvsteng
utleige av boergeit
I 2017 kjøpte eg mine fyrste boergeiter, målet var å stoppe attgroinga på garden Moshuset. Sidan 2018 har eg hatt utleige av desse med Nofence.
Boergeitene frå Moshuset er tamme og
lette å transportere. Dei har lange føter, tek seg inn i høgt kratt og kan beite opptil 170 cm. ved å stå på bakbeina.
Ta kontakt for å leige din eigen boerflokk for å få rydda uteområde. Vi tek i bruk NOFENCE-teknologi som gjer at ein ikkje treng gjerder.
Utgangspris: 55 kr. dagen + mva.

skjøtsel/
naturrestaurering
I samarbeid med fleire aktørar jobbar eg med naturrestaurering og bevaring av utrydningstrua arter i nord-Gudbrandsdalen. Eg gjennomfører både kartlegging, forslag til tiltak og skjøtsel i aktuelle område.
Kundar og samarbeidspartnarar:
Statsforvalteren i Innlandet, Miljødirektoratet, Kistefoss skogtjenester, Vågå kommune, utvalde kulturlandskap, private kundar m.fl.

bestill boerkjøt
Mange er interesserte i boerkjøt og har fått smaken på dette unike kjøtet. Moshuset er driven etter økologiske prinsipp. Kjøtet er smakfullt og magert (blanding mellom vilt og storfe) med mykje naturlege antioksidantar frå dei solrike plantane dyra et. Geita utnyttar utmarksbeite i Nordherad maksimalt, med svært liten bruk av kraftfôr. Meir biologisk berekraftig kjøt skal du leite lenge etter.
Ta kontakt om du ynskjer å sette deg opp på liste for kjøt. Slakting skjer vanlegvis i oktober/november etter beitesesongen. Eg sel fortrinnsvis heile eller halve dyr.
Utgangspris: 175 kr./kg.

Øvre Nordheradsvegen 675,
2680 Vågå
Org.nr. 996 897 761
